PRISAR

Å illustrere nøyaktig kostnad ved ei gravferd er ikkje enkelt, då kostnaden vil variere avhengig av ulike variablar. Viktigaste variabelen er dei val du som pårørande gjer. Men pris kan og verte påverka av faktorar som dødsstad og tidspunkt for død.

 Nedanfor finner du vår komplette prisliste for alle varer og tenester vi tilbyr. Vi har der prøvd å illustrere prisen på ei gjennomsnittleg gravferd hjå oss. I tillegg gir vi eksempel på enklare gravferd og gravferd utan seremoni. Vi skulle gjerne ha gjort dette enklare men samstundes ønsker vi å ivareta kvar enkelt familie sin rett til å gjere individuelle val og ikkje vere prisgitt val tatt av oss.

Vi vil alltid gje eit nøyaktig kostnadsoverslag ved første konsultasjon samt gjere merksam på alternative løysingar. Viss du som pårørande skisserer for oss kva du tenker, og kva som er viktig for deg, prøver vi så godt vi kan å rådgje etter det ønsket. Er for eksempel pris viktig vil vi skissere dei billegaste løysingane. Vår erfaring viser at dei fleste ønsker å «gjere det som er vanleg» og difor kan eksempelet med gjennomsnittskostnad vere ein god peikepinn for mange.